Publikum 2017 - 2018

Brukerens avatar
Innlegg: 663
Registrert: 27. August 2011 18:54
InnleggSkrevet: 25. Mars 2018 21:43
Vi kan ta ein titt på semifinalane medan vi ventar på finalen.

Semien ser ut til å ha vore ein suksess med heile 930 i snitt over fjordåret. Vi må absolutt seia ar det var eit bra resultat, men jamføringa haltar noko for fjordåret var direkte svakt. Men sinttet i år med 3092 let seg høyre. Lillehammer 2089, Frisk 2042 og Sparta 1910 var nokså jamne, medan Storhamar som vanleg dreg snittet oppover med imponerande 5251. I år som i fjor vart det spela berre 9 kmapar i semien, noko som må reknast for å vera svært lite. Frisk og Sparta hadde ein pen framgang sidan i fjor, Lillehammer ein bitte liten nedgang. Srorhamar nådde ikkje semien i fjor.
Brukerens avatar
Innlegg: 663
Registrert: 27. August 2011 18:54
InnleggSkrevet: 12. April 2018 20:47
Og så endeleg finalane:

Og for nokre finalekampar vi fekk: Snittet vart på 5293 og det er det beste eg har i statistikken min (går tilbake til 2002). Storhamar hadde så og seia fullt, og likeeins Lillehammer, 6791 og 3048. Er det nokon som har tala frå 1994? Kunne det ha vore fleire folk då om det var så at Håkons Hall var i bruk?

For heile sluttspelet samla vart det 2625 i snitt per kamp som er godt over fjordåret. I 2015 hadde vi eit fantastisk sluttspel med snitt på 3144. Dit er det vanskeleg å koma før vi får nye arenaer. Også åra 2014 og 2016 var gode. Dei samla meir folk enn i år.

Likevel dette sluttspelet var det fjerde beste og det er berre å gratulere - særleg Storhamar og Lillehammer.
Forrige

Gå til Get-Ligaen, 1.divisjon og A-landslaget

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Bing [Bot] og 10 gjester